Praktisk info

Leirskoleopphold er fra skoleåret 2019-20 lovfesta gjennom ein ny paragraf i Opplæringslova:
13-7 b «Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur.
Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.»

Kommunane mottek gjennom rammeoverføringa pengar frå staten til både reise, opphald og opplæring for elevane på leirskole.

Det er mykje å tenke på i forbindelse med eit leirskuleopphald. På denne sida har vi samla mykje nyttig informasjon slik at du som lærar, elev eller foreldre kan forberede dykk best mulig til eit leirskuleopphald og bidra til å sikre ei uforgløymeleg veke på UWC Leirskule for elevane!

Trykk på ein kategori under for å hoppe til den relevante seksjonen.

DriftssesongPrisarBestilling- og avbestillingsrutinarReglarTilretteleggingUtstyrslisteHittegodsSkulebesøk


Driftssesong

Vår og haust, mandag til fredag!

Vi startar leirskulesesongen i april og held på ut oktober månad. Veke 44 er vanlegvis siste leirskuleveke for sesongen.

Kontakt oss for informasjon om når vi har ledig kapasitet.


Prisar

Veileiande prisar pr. 01.01.2024
Vi vil følgje generell prisauke

Prisen for fire døgns opphald (kost og losji) kr 2670,- per elev.

Det tilbys gratis opphald for ein lærar per gruppe opp til 15 elevar. To lærarar for klasser mellom 16-30 elever. Utover dette betaler lærarar 2/3 av elevpris. Andre medfølgande vaksne betaler full pris.

Undervisningskostnaden ved UWC leirskule er kr 1410,- per elev. Betaling av opphaldet skjer etterskotsvis.

Kommunane mottek gjennom rammeoverføringa pengar frå staten til både reise, opphald og opplæring for elevane på leirskole.


Bestilling- og avbestillingsrutinar

Bestilling av leirskuleopphald bør skje god tid i førevegen. Det kan bestillast plass opp til fem år i førevegen. Det er vidare viktig at skulen er kontaktpunkt for bestillinga slik at informasjon kjem til rett person når tida for opphaldet kjem.

Bestillingsrutine

1. Klasselærar/rektor tek kontakt med leirskulen pr. telefon, brev eller e-post.

2. Leirskulen sender ut eit:
• Stadfestingsskjema som skulen signerer og returnerer

3. Ved mottatt stadfestingsskjema er plassen stadfesta og vitjande skule har godteke avbestillingsrutinane.

4. Ca. 2 mnd. før opphaldet tek til, sender leirskulen ut eit infobrev og ei liste der elevane må velje mellom dei ulike ettermiddagsaktivetane.

Avbestillingsreglar

Utfylt stadfestingsskjema er ein bindande avtale mellom UWC Leirskule og skulen, og denne avtala legg ramma for drifta vår. Dersom skulen av ulike årsaker må bryte avtalen, gjeld følgande reglar.

• Ved avbestilling meir enn 2 år i førevegen, vert det fakturert eit avbestillingsgebyr på kr 250,- pr. elev.
• Ved avbestilling mellom 2 år og 1 år før ankomstdato blir 50% av prisen pr. elev fakturert til skulen.
• Ved avbestilling etter 1 år før ankomstdato blir leirskuleopphaldet fakturert fullt ut i henhold til antal elevar på stadfestingsskjema.

Ved avbestilling seinare enn 2 år i førevegen av ankomstdato, må i tillegg undervisningskostnadane på leirskulen, garantert i refusjonsgarantien, dekkjast i sin heilskap.

Avbestillingsreglane gjeld også grunna streik eller andre arbeidskonfliktar.

*For leirskuleopphald bestilt før 01.01.2018 gjeld tidlegare reglar.


Reglar

Når mange menneske bur og lev tett saman i ei veke treng vi felles reglar for at opphaldet skal bli so hyggeleg som mogeleg for alle. Ulike reglar gjeld for ulike delar av leirskuleopphaldet. Det er viktig at elevane hugsar og blir minna på desse reglane slik at alle som er på leirskulen får ei kjekk og minnerik veke!

Ordensreglar for UWC leirskule

• Vis omtanke for medmenneske og stell fint med bygningar, inventar og naturen du ferdast i.
• Det blir forventa oppmøte etter timeplan og deltaking i all organisert undervisning.
• Det skal brukast redningsvest ved fiske frå holmane og i kano, kajakk og båtaktivitetar.
• Bruk av rusmidlar er forbode under heile opphaldet.
• Sjølvforskyldt øydelegging av ting fører til erstatningskrav.
• Det er forbode å opphalde seg i administrasjons- og helsesportbygget til Haugland Rehabiliteringssenter.
• Bading, fiske og bruk av kano/båt i fritida utan løyve er forbode.
• Vi ynskjer at elevane skal vere mest mogeleg til stades under leiropphaldet og all bruk av mobiltelefon er difor forbode under opphaldet. Hvis nokon har telefon med, ynskjer vi at
medfølgjande lærar samlar dei inn før ankomst til leirskulen. Foreldre som må komme i kontakt med sine born kan kontakte medfølgjande lærar eller leirskulen direkte.

Ved brot på reglane vurderer det pedagogiske personalet heimsending på eleven/foreldra si rekning. Det blir krevd full betaling av bestilt opphald.

Ordensreglar i overnattingsbygga​

Nattero: Det skal vere nattero frå kl. 22.00
Røyking: Det er forbode å røykje/tenne stearinlys i og rundt overnattingshusa.
Søppel: Søppel skal kastast i søppelkassa (ikkje i toalettet eller i naturen).
Manglar: Alle manglar skal meldast til tilsette ved leirskulen.
Brann: Følg branninstruksen og gje straks beskjed til leirskuleansvarleg.
Reingjering: Utstyr til reingjering finnast på vaskerommet i kvar etasje.
Lufting: Bruk luftelukene. Vindauga skal ikkje opnast meir enn 10 cm.
Avreise: Romma skal ryddast og vaskast før avreise. Ved avreise skal romma vere i same stand som då de kom.

Ansvars- og tilsynsordning for UWC leirskule

• Under alle organiserte aktivitetar har leirskuleinstruktørane ansvaret for undervisninga og tryggleiken til elevane som deltek.
• Vertskapet har ansvar for kost og losji og vertskapsplikter knytt til det, slik som branntryggleik, reinhald, vedlikehald m.m.
• Vertskapet har medansvar for at leirskulen sine ordensreglar blir overhaldne. Medfølgjande lærarar/foreldre har medansvar for at leirskulen sine ordensreglar blir følgde og for tilsynet med
elevane på fritida og nattestid (sovande nattevakt).
• I samarbeid med leirskulen skal medfølgjande lærarar delta i leirskulen si undervisning tilsvarande det timetalet vedkommande normalt ville hatt i undervisning/arbeidsplantimar.
• Lærarane har ansvar for å innhente skriftleg samtykke frå foreldra om at dei vil gi elevane løyve til å bade utandørs, dersom lærarane tillet dette.
• Lov til å opphalde seg utanfor det definerte området for leirskulen kan berre gjevast av lærarane/foreldra som er med, når han/ho tek ansvaret. Kart over området blir utlevert ved ankomst
til leirskulen.


Tilrettelegging

For oss er det viktig at alle skal kunne delta på leirskule uavhengig av funksjonsnivå og evt allergiar. Vi vil gjere det vi kan for at alle som kjem på leirskulen kan ta del i opphaldet i så stor grad som mogeleg, og at dei kan vere trygge på at dei har ein plass dei kan bu og mat dei kan ete uavhengig av utfordringar og allergiar.

Diett

Vi har eit flott kjøkken med dyktige kokkar som kan tilretteleggje for det meste. Dei serverar som standard alltid eit måltidsval for vegetarianenar og dei som et glutenfritt. All mat er merka der det er naudsynt (t.d svinekjøt).

Vi må ha beskjed so tidleg som mogeleg, og minst to veker i førevegen før ankomst. Gitt spesiell diett er foreldre velkomne til å ringe oss direkte, slik vi kan tilretteleggje so godt vi kan.

Fasilitetar

Kantina og dei fleste andre bygg på campus er tilrettelagd for universell tilkomst. I overnattingsbygga har vi soverom som er godt tilpassa rullestol, med ekstra vide dører og store bad tilrettelagt for rullestol.

Aktivitetane

For dei aller fleste aktivitetane kan vi tilretteleggje til ein viss grad om vi veit om det på førehand. Vi ynskjer å inkludere alle, men må óg ta omsyn til alle dei funksjonsfriske elevane som skal ha aktivitet.
Erfaringsmessig ser vi at med ei positiv innstilling og god kommunikasjon går det meste bra og alle får ei god veke.


Utstyrsliste

Det er viktig at elevane er rett kledd for å trivast. Ingenting er kjekt om ein er våt og kald!
Les difor nøye gjennom utstyrslista og sjekk at klede og ikkje minst sko passer! Sjå an årstida og bruk sunn fornuft, men hugs at vi kan ha frost i mai også. Det er viktig at elevane er med å pakke, så dei veit kva dei har med seg. Vi høyrer alt for ofte «Eg veit ikkje, det var mamma som pakka…»

MÅ HA!

Ull- eller supertrøye x 2
Ull- eller superlongs x 2
Ullsokkar, tynne x 2
Ullsokkar, tjukke x 1
Tjukk ull- eller fleecegensar (eller fleire tynne)
Regnjakke (gjerne oljehyre)
Regnbukse (gjerne oljehyre)
Gummistøvlar
Hue
Vottar x 2
Hals/skjerf
Toalettsaker
Naudsynte medisinar
Handduk
Badekle
Dagstursekk
Drikkeflaske
Turkopp
Turfat

KJEKT Å HA!

Undertøy
Sokkar x 3
Meir ullundertøy
Vindjakke
Turbukse til fine dagar
Fjellsko/joggesko
Sitjeunderlag
Innekle
Innesko/tøflar
Shorts
T-skjorte
Lommelykt/hodelykt
Spel
Fiskestang
Fotoapparat

Hugs å skrive namn i kleda, på handdukane, i skoa og på alle ting de ynskjer å få tilbake!

Sjølv om det er viktig for leirskuleopplevinga at elevane har gode klede, er ikkje det det same som nye, dyre klede. Det enkle er ofte det beste. Joakim, som jobbar på leirskulen, bruker fortsatt regnjakka han fekk då han var på leirskule i 1992 fordi ho er betre i sprutregn enn den nye, fine gore-tex jakka han har.

Lån gjerne utstyr av noken de kjenner, men pass på at særleg skoa passer!

KLE DEG RETT!

Det er ingen sak å kle seg når sola skin og badetemperaturen er god. Men når vinden ular og regnet kjem frå sida er det meir utfordrande, men mykje viktigare å kle seg slik ein held seg tørr og varm heile dagen.

Innerst
Ull- eller superundertøy
Tynne ullsokkar
Mellomlag
Ein tjukk eller to tynne ull- eller fleecegensarar
Tjukke ullsokkar
Hals
Ytterst
Regnjakke med hette
Regnbukse
Hue
Vottar (vindtette)


Hittegods

Har du gløymd att noko på leirskulen?

​Alt som vi finn rundt om på leirskulen blir tatt vare på i ein månad før hittegods av en viss verdi, t.d. lommebøker og telefonar blir levert inn til politiet i Fjaler kommune. Øvrige ting blir oppbevart i to månader, før det går til eit veldedig føremål.

Sjekk difor at du har alt med deg heim så raskt som mogeleg og ta kontakt med leirskulen på epost om du manglar noko.

Vi sender gjerne tinga dine tilbake til deg, men då i oppkrav.


Skulebesøk

Val av leirskule er ikkje nødvendigvis eit enkelt val. Vi er opptekne av at dykk skal vere trygg på valet dykkar og vi tar gjerne turen til dykkar skule for å fortelje meir om UWC Leirskule og slik at lærarar/foreldre/FAU utvalet/rektor kan få møte oss i forkant av leirskuleopphaldet.

Ta kontakt med oss so finn vi ei tid som passer!


Til toppen av sida