Aktivitetar

Leirskule-programmet ved UWC Leirskule er svært variert og omfangsrikt.

Leirskuleprogrammet er i stadig utvikling, og vi tek atterhald om at programmet kan endre seg fram til opphaldet.

Gjennom eit opphald på UWC leirskule får elevane moglegheit til å delta i ein rekkje spennande og lærerike friluftslivsaktivitetar.

Elevane vert delt i tre grupper (rød, blå og grøn gruppe) som følger tre ulike timeplanar gjennom veka. Dei tre ulike gruppene får tilbod om dei same aktivitetane, men til ulike tidspunkt.  På denne måten sikrar vi små undervisningsgrupper, og høg vaksentettleik.

Alle elevane får ein turdag, og to aktivitetsdagar. Aktivitetsdagane inneheld kano og utekjøkken på formiddagen, og kajakk, bushcraft, rappellering og bogeskyting på ettermiddagen. I tillegg vert det undervisning i førstehjelp og bading i svømmehallen på kveldstid. Sjå vedlagt timeplan.


Føremiddagsaktivitetar

Ein formiddag vert gruppa delt i to. Halvparten av elevene får prøve seg på å lage mat på stormkjøkken, mens den andre halvparten er ute i kano. Andre formiddag vert aktivitetene snudd, slik at alle elevene får være med på begge aktivitetene. Siste dagen vi går turen til Jensbua kystkultursenter med kano.

TURDAGEN

I løpet av leirskuleveka skal alle elevane på turdag. Turen startar med ein kanotur til Jensbua, før vi vandrar videre til Lillingstonheimen, Fredensborg og tilbake til Jensbua. På ettermiddagen padlar vi tilbake til leirskulen. Fokuset på denne turen er at elevane øve på samarbeid, oppleve meistring og turglede. Undervegs vert det korte stopp med historier og undervisning i lokal natur og kulturhistorie.

UTEKJØKKEN

Når vi har utekjøkken samlar vi gruppa og går ut til Trulsneset. Vi fyrer bål og stormkjøkken, og lagar pizza og kakao. Vi samlast og kosar oss med det vi har laga før vi går tilbake til leirskulen.

KANO-ORIENTERING

Ein av formiddagane i løpet av opphaldet skal får alle elevane være med på ein økt med kano-orientering i nærområdet. Elevane får innføring i sikker kanopadling med fokus på padleteknikk, samarbeid og sikker ferdsel på fjorden. Elevane får også med seg eit enkelt kart over bukta der leirskulen ligger, og skal orientere seg fram til ulike postar der elevane må svare på naturfaglege spørsmål knytt til fjorden.


Ettermiddagsaktivitetar

Alle elevane må på førehand velje to av fire mulige aktivitetar, ein for kvar dag. Sjå under for kva aktivitetar ein kan velje mellom.

RAPPELLERING

Elevene lærer om rappellering som ferdselsteknikk i fjellet. Nedfiring frå 18m høg fjellvegg. Dette er ein spennande aktivitet der elevane virkelig får kjenne at det kriblar i magen.

BUSHCRAFT

Gjennom praktiske øvingar og introduksjon får elevane lære seg og lage ein gapahuk som det går an å overnatte i, og fyre opp bål utan fyrstikker!

KAJAKK

Kajakkpadling går føre seg på fjorden i ei trygg og oversiktleg bukt ved leirskulen. Alle må ha på våtdrakt og padlevest. Du får lære grunnleggjande padleteknikkar gjennom leikar på sjøen. Denne aktiviteten gir også høve til mindre symjeturar.

Bogeskyting

Vi startar med å gå gjennom korleis ein handterer pil og boge på ein sikker måte, før elevane får skyte nokre prøveskot. Elevane vil skyte i fleire omgangar. Laga konkurrerer mot kvarandre i ulike konkurransar


Kveldsaktivitetar

På UWC Leirskule er det mykje aktivitet, også på kveldane!
Elevane kan benytte bassenganlegget 2 kveldar. Tysdag kveld er det førstehjelpskveld med studentane og torsdag avsluttar vi med kake og avslutningsfest!

BADELAND

BADING

På kveldstid måndag og onsdag har elevane tilgang til å nytte badeanlegget ved Haugland rehabilitering. Badeanlegget består av 25 m basseng med sklie. Bassenget er tilpassa elevar med funksjonshemming (rampe). Bading skjer under tilsyn frå badevakt frå UWC leirskule.

førstehjelpskveld

førstehjelp

På kveldstid tysdag er det workshop med studentar frå UWC RCN med grunnleggande førstehjelp som HLR, kasteline, behandling av kalde pasientar og båre. Da alle elevar er i sving på denne aktiviteten samtidig så er det fint om lærar er tilstade.

AVSLUTNINGSFEST

AVSLUTNINGSKVELD

Siste leirskulekveld, torsdag, er det felles avslutning! Klassane kan førebu underhaldning og vise for kvarandre før det blir quiz og kake. Vi har avsluttinga i stor-lavvoen.


 

Vekesprogam

Gjennom eit opphald på UWC leirskule får elevane moglegheit til å delta i ein rekke spennende og lærerike friluftslivsaktiviteter. Mandag er ankomstdag og handlar mest om å informasjon om leirskulen og veka som kjem, samt å bli kjent med området og andre elevar som besøker leirskulen. Tirsdag, onsdag og torsdag er undervisninga er delt inn i tre blokker; formiddagsaktivitet, ettermiddagsaktivitet og kveldsaktivitet. Fredag er avreisedag og går med til opprydding og pakking før avreise.

Vi tek atterhald om at små endringar i oppsatt vekeplan og aktivitetar kan forekomme i tida fram mot leirskoleoppholdet. 

Til toppen av sida