Leirskule-programmet ved UWC Leirskule er svært variert og omfangsrikt.
Dagen blir delt inn i eigne program for føremiddag, ettermiddag og kveld.
Hovudvekta av aktivitetane ligg på friluftslivsaktivitetar som rappellering, kano, kajakk, bogeskyting og utekjøkken. I tillegg får elevane prøve matlaging og utflukt, for ikkje å gløyme avslutningsfesten!
For to kveldar vil borna også få benyte det flotte bassenganlegget på Haugland. Vassklia er svært populær blant elevane!
Alle aktivitetane føregår i trygge rammer under leiing av kyndig og sertifisert personale og vi har stort fokus på at alle barna skal oppleve meistring og glede ved å vere ute i naturen.
Føremiddagsaktivitetar
Ein formiddag vert gruppa delt i to. Halvparten av elevene får prøve seg på å lage mat på stormkjøkken, mens den andre halvparten er ute i kano. Andre formiddag vert aktivitetene snudd, slik at alle elevene får være med på begge aktivitetene. Siste dagen vi går turen til Jensbua kystkultursenter med kano.
TURDAGEN
Vi går turen til Jensbua kystkultursenter med kano, og videre på ein liten vandretur til Lillingstonheimen og Fredensborgparken. Lokal kulturhistorie og naturgeografi er tema for turen.
UTEKJØKKEN
Når vi har utekjøkken samlar vi gruppa og går ut til Trulsneset. Vi fyrer bål og stormkjøkken, og lagar pizza og kakao. Vi samlast og kosar oss med det vi har laga før vi går tilbake til leirskulen.
KANO
Kanopadling krev samarbeid og kommunikasjon! Når vi har kanopadling held vi oss i bukta ved leirskulen og øver på padletak og samarbeid gjennom leikar og øvingar.
Ettermiddagsaktivitetar
Alle elevane må på førehand velje to av fire mulige aktivitetar, ein for kvar dag. Sjå under for kva aktivitetar ein kan velje mellom.
RAPPELLERING
Elevene lærer om rappellering som ferdselsteknikk i fjellet. Nedfiring frå 18m høg fjellvegg. Dette er ein spennande aktivitet der elevane virkelig får kjenne at det kriblar i magen.
BUSHCRAFT
Gjennom praktiske øvingar og introduksjon får elevane lære seg og lage ein gapahuk som det går an å overnatte i, og fyre opp bål utan fyrstikker!
KAJAKK
Kajakkpadling går føre seg på fjorden i ei trygg og oversiktleg bukt ved leirskulen. Alle må ha på våtdrakt og padlevest. Du får lære grunnleggjande padleteknikkar gjennom leikar på sjøen. Denne aktiviteten gir også høve til mindre symjeturar.
BOGESKYTING
Vi startar med å gå gjennom korleis ein handterer pil og boge på ein sikker måte, før elevane får skyte nokre prøveskot. Elevane vil skyte i fleire omgangar. Laga konkurrerer mot kvarandre i ulike konkurransar
Kveldsaktivitetar
På UWC Leirskule er det mykje aktivitet, også på kveldane!
Elevane kan benytte bassenganlegget 2 kveldar. Onsdag er det internasjonal aften saman med studentane og torsdag avsluttar vi med kake og avslutningsfest!
BADELAND
Kveldane mandag og torsdag har alle tilbod om fri bading. I det flotte bassenganlegget er det 25 m basseng og vassklie. Tilsette på leirskulen er badevakter.
ONSDAG KVELD
Onsdag kveld er det førstehjelpskveld med studentane ved UWC RKN. Elevene skal lære om HLR, hypotermi, bårer, kasteliner m.m.
AVSLUTNINGSFEST
Siste leirskulekveld, torsdag, er det felles avslutning! Klassane skal førebu underhaldning og vise for kvarandre før det blir quiz og kake. Inviter gjerne studentane som ein har blitt kjent med i løpet av veke til avslutningsfesten!
Vekesprogam
Gjennom eit opphald på UWC leirskule får elevane moglegheit til å delta i ein rekke spennende og lærerike friluftslivsaktiviteter. Mandag er ankomstdag og handlar mest om å informasjon om leirskulen og veka som kjem, samt å bli kjent med området og andre elevar som besøker leirskulen. Tirsdag, onsdag og torsdag er undervisninga er delt inn i tre blokker; formiddagsaktivitet, ettermiddagsaktivitet og kveldsaktivitet. Fredag er avreisedag og går med til opprydding og pakking før avreise.
Vi tek atterhald om at små endringar i oppsatt vekeplan og aktivitetar kan forekomme i tida fram mot leirskoleoppholdet.
Bildearkiv
I bildekarusellen under har vi samla mange bilder frå UWC Leirskule og alt det kjekke vi held på med i løpet av ei veke!