Måltid
UWC leirskule tilbyr eit fullpensjons opphald med tre måltidar frukost, lunsj (matpakke) og middag, tysdag, onsdag og torsdag. Det er også middag på ankomstdagen (måndag), samt frukost på avreisedagen (fredag).
NB! Det betyr at elevane må ta med matpakke til lunsj på ankomstdagen sjølv.
Elevane har moglegheit til å smøre seg matpakke til lunsj og kveldsmat kvar dag.
Kjøkkenpersonalet har lang erfaring med å tilpasse kosten til elevar med spesielle behov (allergier eller religiøse omsyn). Husk å fylle ut skjema for allergiar og spesielle behov for tilpassing av kosten dersom det er behov for det.