Innkvartering

UWC Leirskule disponerer to moderne internatbygg med totalt 95 sengeplasser. Internatbyggene er frå 2015, og oppfyller krav til universell utforming. Inngangspartiet, oppholdsrom og soverom i hovedetasjen er tilpasset rullestolbrukere, med ekstra brede dører, samt automatiske døråpnere og handikaptilpasset toalett. Elevane vert innkvartert på 2, 4- eller 8- manns rom, med bad på rommet eller på gangen. Vi har også nokre enkeltrom m/bad til disposisjon for lærarar. På UWC leirskule får elevar som har behov for rullestol bu på rom saman med dei andre elevane. Dette er viktig for å sikre at eleven med behov for rullestol får ta del i den verdifulle sosiale læringa som skjer i løpet av eit leirskuleopphald.

 

Måltider og informasjonsmøter foregår i kantinebygget til UWCRCN. UWCRCN har årleg elevar med ulike fysiske funksjonshemminger og kantinebygget er svært godt tilpassa rullestolbrukarar. Bygget har breie inngangsparti med rampe, samt ein rullestolheis dersom det er behov for å flytte seg mellom etasjene. Campus forøvrig er godt tilpassa rullestol, med asfalterte gangvegar.