Ansvars- og tilsynsordning

Under alle organiserte aktivitetar har leirskulelærarane ansvaret for undervisninga og tryggleiken til elevane som deltek.

Vertskapet har ansvar for kost og losji, samt andre vertskapsplikter som branntryggleik, reinhald, vedlikehald m.m. Vertskapet har medansvar for at leirskulen sine ordensreglar blir overhaldne. 

Medfølgjande lærarar har medansvar for at leirskulen sine ordensreglar blir følgde og for tilsynet med elevane på fritida og nattetid (sovande nattevakt). I samarbeid med leirskulen skal medfølgjande lærarar delta i leirskulen si undervisning tilsvarande det timetalet vedkomande normalt skulle hatt i undervisning/arbeidsplantimar. Lærarane har ansvar for å innhente skriftleg samtykke frå foreldra om at dei vil gi elevane løyve til å bade utandørs i fritida.

Lov til å opphalde seg utanfor området for leirskulen kan berre gjevast av lærarane som er med, når han/ho tek ansvaret. 

Det er forventa at medfølgjande lærarar held tilsyn med elevane i fritida, dvs. tid utanom organisert undervisning og aktivitetar.

Lærarane er ansvarlege for nattevakt (sovande) og vekking. Branninstruks heng på veggen i begge husa. Lærarane er òg ansvarlege for førstehjelpskofferten på huset.