Camp Kajakk + Aktivitetsleir veke 32

Vi har fortsatt ledige plassar på Camp Kajakk (8-10 klasse) samt Aktivitetsleir (1-7 klasse)!
Begge leirane vert arrangert i samarbeid med Fjaler kommune og er gratis for alle deltakarane.

CAMP KAJAKK

Deltakarane blir introdusert til kajakken og utstyret. Etter endt kurs har deltakarane gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. I tillegg er deltakarane kjent med enkle sikkerheitsrutinar og øvingar, samt korleis effektivt manøvrere kajakken. Vi har nødvendig utstyr til alle.

Totalt er det 12 plassar tilgjengeleg og tildeling av plass vil skje etter førstemann til mølla prinsippet.

Veke: 26 (28.06-01.07)
Tidspunkt: Mandag- torsdag kl 08.30 -15.30
Påmelding: innan 01.juni 2021 eller til leiren er full

MELD PÅ HER!

*Kansellering av bestilt påmelding seinare enn 2 veker før leirstart eller ikkje møtt vert fakturert direkte til føresette kr 1500,-

AKTIVITETSLEIR

Som tidlegare år blir det mange kjekke aktivitetar – kano, kajakk, klatring, Stand up paddleboards, bogeskyting, basseng, pizzabaking, turar, bål og grilling.

Totalt er det 60 plassar tilgjengeleg per veke og tildeling av plass vil skje etter førstemann til mølla prinsippet.
Leiren vil følge smittevernsreglar som er gjeldande på det aktuelle tidspunktet.

Veke 25 er no full, men det er fortsatt ledige plasser i veke 32

Dato: Veke 25 (21.06-25.06) og veke 32 (09.08 -13.08)
Tidspunkt: Mandag- fredag kl 08.30 -15.30
Påmelding: innan 01.august 2021 eller til leiren er full

MELD PÅ HER!

*Kansellering av bestilt påmelding seinare enn 2 veker før leirstart eller ikkje møtt vert fakturert direkte til føresette kr 500,-

Leiren vil følge smittevernsreglar som er gjeldande på det aktuelle tidspunktet.