Sommar 2022

Møteplass for Mangfald

Sjølv om det ikkje vart ein drøymesommar med tanke på sol og fint vér her på Vestlandet, har vi på Haugland hatt ein drøymsesommar med mange glade besøkjande.
8 veker med leir og full rulle frå morgon til kveld med latter, bading, venskap og nye opplevingar. Vi har som målsetnad at alle som kjem hit skal oppleve meistring og glede, og dei gode tilbakemeldingane frå dei kring 1000 gjestane i sommar viser at sommar på Haugland gir nettopp det.

Heller ingen sommar på Haugland utan kano, kajakk, klatring, stand up paddleboards, bogeskyting, basseng, pizzabaking, turar, bål og grilling ++

Tusen takk til Sogn og Fjordane Røde Kors og Møre og Romsdal Røde Kors som år etter år viser oss tillit til å legge til rette for Røde Kors sine Ferie for Alle tilbod. Desse vekene er blant årest høgdepunkt og stemninga på campus er heilt unik desse vekene. Når ein høyrer barn seie at dette er den beste ferien dei har hatt nokonsinne – då veit vi at vi har gjort noko rett!
I tillegg har vi i sommar tilbydd gratis aktivitetsleir for 1-7 klassingar i lokalsamfunnet, takka vere støtte frå Gjensidigestiftelsen som legg vekt på at alle barn og unge skal ha ha tilgang til ein aktiv, trygg og kjekk sommar. Gjennom tildeling frå Agenda Vestland og Sparebanken Vest har vi også lagt til rette for leir for barn og unge frå Bergen Røde Kors.

Vi er utruleg takknemlig for den tillitien som blir vist oss – og vi jobbar kvar dag for å gi barn og unge gode, positive opplevingar med fokus på meistring, tryggheit og utvikling!

Vi avslutta sommaren med å ønske velkommen tilbake til tidlegare elevar frå UWC Røde Kors Nordisk!

Til slutt må vi takka alle dei dyktige sommmarinstruktøraen som gjer ein kjempejobb i løpet av sommaren! Utan dykk hadde ikkje sommar på Haugland vore mogeleg!

 

Vi gler oss til sommaren 2023 allereie!