Praktisk info

Det er mykje å tenke på i forbindelse med eit opphald på sommarleir. På denne sida har vi samla mykje nyttig informasjon slik at du som organisator, deltakar eller frivillig kan forberede dykk best mogeleg til eit sommarleiropphald og bidra til å sikre ei uforgløymeleg veke på Haugland for alle involverte!

Trykk på ein kategori under for å hoppe direkte til den relevante seksjonen.

DriftssesongPrisarBestilling- og avbestillingsrutinarReglarTilretteleggingUtstyrslisteHittegodsBesøkTilsette


Driftssesong

Vi startar sommarleirsesongen når skuleferien startar og held på fram til skulestart att.
I 2019 varer sommarsesongen frå veke 26 til og med veke 33, men vi har sjølvsagt ledig i helgar utanom sommerferievekene også!

Sommaren 2018 hadde vi besøk av over 700 leirdeltakarar


Prisar

Pris i høve varigheit, deltakarar og aktivitetar.

Pris pr. deltakar varierer i høve varigheit på leir, kva type leir, kor mange dykk er og kor mange akvitetar dykk ønsker frå vår side.
Saman med dykk setter vi ihop eit godt og variert progam tilpassa dykkar behov, ønsker og budsjett.


Bestilling- og avbestillingsrutinar

Bestilling av sommarleiropphald bør skje god tid i førevegen. Det kan bestillast plass opp til 3 år i førevegen. Det er vidare viktig at organisasjonen er kontaktpunkt for bestillinga slik at informasjon kjem til rett person når tida for opphaldet kjem.

Bestillingsrutine

1. Organisasjonen tek kontakt med UWC Connect pr. telefon, brev eller e-post.

2. Saman legg vi ein plan for å sikre ein sommarleir i tråd med dykkar ønsker og behov.

3. UWC Connect sender dykk ei avtale
• Dykk les gjennom, signerer og sender i retur til UWC Connect
• UWC Connect sender i retur signert versjon frå vår side

4. Ved mottatt signert avtale frå UWC Connect er plassen stadfesta og vitjande organisasjon har godteke avbestillingsrutinane.

Avbestillingsreglar

Signert avtale er ein bindande avtale mellom UWC Connect og dykk, og denne avtala legg ramma for drifta vår. Dersom dykk av ulike årsaker må bryte avtalen, gjeld følgande reglar.

• Ved avbestilling meir enn 1 år i førevegen, vert det fakturert eit avbestillingsgebyr på 10% av totalt prisoverslag basert på minimum antal deltakarar i kontrakta.
• Ved avbestilling mellom 1 år og 6 månader før ankomstdato blir 50% av totalpris basert på minimum antal deltakarar i kontrakta fakturert til organisasjonen.
• Ved avbestilling etter 6 månader før ankomstdato blir sommarleiropphaldet fakturert fullt ut i henhold til antal minimum deltakarar i kontrakta.

Avbestillingsreglane gjeld også grunna streik eller andre arbeidskonfliktar.


Reglar

Når mange menneske bur og lev tett saman over ein periode treng vi felles reglar for at opphaldet skal bli so hyggeleg som mogeleg for alle. Det er viktig at deltakarane hugsar og blir minna på desse reglane slik at alle som er på sommarleir får ei kjekk og minnerik veke!

Ordensreglar for sommarleir på Haugland

• Vis omtanke for medmenneske og stell fint med bygningar, inventar og naturen du ferdast i.
• Det blir forventa oppmøte etter timeplan og deltaking i alle organisert aktivitetar.
• Det skal brukast redningsvest ved fiske frå holmane og i kano, kajakk og båtaktivitetar.
• Bruk av rusmidlar er forbode under heile opphaldet.
• Sjølvforskyldt øydelegging av ting fører til erstatningskrav.
• Det er forbode å opphalde seg i administrasjons- og helsesportbygget til Haugland Rehabiliteringssenter.
• Bading, fiske og bruk av kano/båt i fritida utan løyve er forbode.

Ved brot på reglane vurderer den ansvarlege i dykkar organsiasjon saman med sommarleiransvarleg hos UWC Connect heimsending på deltakaren si rekning. Det blir krevd full betaling av bestilt opphald.

Ordensreglar i overnattingsbygga​

Nattero: Det skal vere nattero frå kl. 23.00
Røyking: Det er forbode å røykje/tenne stearinlys i og rundt overnattingshusa.
Søppel: Søppel skal kastast i søppelkassa (ikkje i toalettet eller i naturen).
Manglar: Alle manglar skal meldast til tilsette ved UWC Connect.
Brann: Følg branninstruksen og gje straks beskjed til sommarleiransvarleg UWC Connect.
Reingjering: Utstyr til reingjering finnast på vaskerommet i kvar etasje.
Lufting: Bruk luftelukene. Vindauga skal ikkje opnast meir enn 10 cm.
Avreise: Romma skal ryddast før avreise. Ved avreise skal romma vere i same stand som då de kom.

Ansvars- og tilsynsordning for sommarleir på Haugland

• Under alle organiserte aktivitetar i regi av UWC Connect har sommarleirinstruktørane ansvaret for undervisninga og tryggleiken til deltakarane som deltek.
• Vertskapet har ansvar for kost og losji og vertskapsplikter knytt til det, slik som branntryggleik, reinhald, vedlikehald m.m.
• Vertskapet har medansvar for at sommarleiren sine ordensreglar blir overhaldne. Medfølgjande tilsette/frivillige har medansvar for at sommarleiren sine ordensreglar blir følgde og for
tilsynet med deltakarne på fritida og nattestid.
• I samarbeid med UWC Connect skal medfølgjande frivillige delta i sommarleir-programmet og hjelpe til under gejnnomføring av aktivitetsprogrammet.
• Dykkar organisasjon/frvillige har ansvar for all bading utandørs.
• Lov til å opphalde seg utanfor det definerte området for sommarleiren kan berre gjevast av dykkar organisasjon/frivillige, når han/ho tek ansvaret. Kart over området blir utlevert
ved ankomst til Haugland.


Tilrettelegging

For oss er det viktig at alle skal kunne delta på sommarleir uavhengig av funksjonsnivå og evt allergiar. Vi vil gjere det vi kan for at alle som kjem på sommarleir på Haugland kan ta del i opphaldet i so stor grad som mogeleg, og at dei kan vere trygge på at dei har ein plass dei kan bu og mat dei kan ete uavhengig av utfordringar og allergiar.

Mat

Vi har eit flott kjøkken med dyktige kokkar som kan tilretteleggje for det meste. Dei serverer som standard alltid eit måltidsval for vegetarianerar og dei som et glutenfritt. All mat er merka der det er naudsynt (t.d svinekjøt).

Vi må ha beskjed so tidleg som mulig, og minst to veker i førevegen om alle diettar og allergiar.

Fasilitetar

Kantina og dei fleste andre bygg på campus er tilrettelagd for universal tilkomst. I overnattingsbygga har vi soverom som er godt tilpassa rullestol, med ekstra vide dører og store bad tilrettelagd for rullestolar.

Aktivitetane

For dei aller fleste aktivitetane kan vi tilretteleggje til ein viss grad om vi veit om det på førehand. Vi ynskjer å inkludere alle, men må og ta omsyn til alle dei funksjonsfriske deltakarane som skal ha aktivitet.

Erfaringsmessig ser vi at med ei positiv innstilling og god kommunikasjon går det meste bra og alle får ein god oppleving.


Utstyrsliste

Det er viktig at deltakarane er rett kledd for å trivast. Sjølv om det er sommar, kan det vere vått og kaldt. Ingenting er kjekt om ein er våt og kald! Les difor nøye gjennom utstyrslista og sjekk at klede og ikkje minst sko passer!

MÅ HA!

Ull- eller supertrøye x 1
Ull- eller superlongs x 1
Ullsokkar, tynne x 1
Ullsokkar, tjukke x 1
Tjukk ull- eller fleecegensar (eller fleire tynne)
Regnjakke (gjerne oljehyre)
Regnbukse (gjerne oljehyre)
Gummistøvlar
Hue
Hals/skjerf
Toalettsaker
Naudsynte medisinar
Handduk
Badekle
Dagstursekk
Drikkeflaske

KJEKT Å HA!

Undertøy
Sokkar x 3
Meir ullundertøy
Vindjakke
Turbukse til fine dagar
Fjellsko/joggesko
Innekle
Innesko/tøflar
Shorts
T-skjorte
Spel
Musikkinstrument
Fiskestang
Fotoapparat
Lommepengar

Hugs å skrive namn i kleda, på handdukane, i skoa og på alle ting de ynskjer å få tilbake!

Sjølv om det er viktig for sommarleir-opplevinga at deltakarane har gode klede, er ikkje det det same som nye, dyre klede. Det enkle er ofte det beste. Joakim, som jobbar på sommarleiren, bruker fortsatt regnjakka han fekk då han var på leirskule i 1992 fordi ho er betre i sprutregn enn den nye, fine gore-tex jakka han har.

Lån gjerne utstyr av noken de kjenner, men pass på at særleg skoa passer!


Hittegods

Har du gløymd att noko på Haugland etter sommarleiren?

​Alt som vi finn rundt om på Haugland blir tatt vare på i ein månad før hittegods av en viss verdi, t.d. lommebøker og telefonar blir levert inn til politiet i Fjaler kommune. Øvrige ting blir oppbevart i to månader, før deu går til eit veldedig føremål.

Sjekk difor at du har alt med deg heim så raskt som mogleg og ta kontakt med oss på epost om du manglar noko: connect@uwcrcn.no

Vi sender gjerne tinga dine tilbake til deg, men då i oppkrav.


Besøk

Val av leirstad er ikkje nødvendigvis eit enkelt val. Vi er opptekne av at dykk skal vere trygg på valet dykkar og vi tar gjerne turen til dykkar organisasjon å fortelje meir om sommarleir på Haugland og svare på alle spørsmål dåke må ha!

Ta kontakt med oss so finn vi ei tid som passer!


Tilsette

Ved UWC Connect treff du både profesjonelle leirskulelærarar, vanlege lærarar, volontørar og sommarinstruktørar. Vi legg stor vekt på att våre tilsette har gode kvalifikasjonar, får god opplæring og likar seg utandørs i lag med andre. Vi er alle her for å gi vitjande til Haugland eit lærerikt, utfordrande og moro besøk!

Joakim

Leirskulelærar og lærar

Eg har jobba hos UWC Connect sidan 2007 og er pedagogisk ansvarleg ved leirskulen. Eg undervisar i fleire forskjellige aktivitetar og har tidlegare studert friluftsliv, natur og kultur vegleiing ved lærarutdanninga ved Høgskulen i Telemark, og Sosiologi ved Høgskulen i Sogndal. Eg har har jobba mykje med fjell og bre, samt som instruktør ved forskjellige brekurs. Eg likar meg godt både på fjellet i klatresele eller på ski, og på sjøen i kajakk eller båt.

Josh

Sommarleir-instruktørr

Josh er frå England og kom først til oss som voluntør. Han er no tilsett hos UWC Connect og bidreg i gjennomføringa av mange ulike aktivitetar, og er etterkvart blitt ekspert på å lage pizza i steinomnen. Før Josh starta hjå oss jobba han som frivillig for engelske Røde Kors og han har eit sterkt Røde Kors engasjement. Josh forstår norsk og likar seg godt i Noreg!

Hannah

Voluntør

Hannah er frå England, og er ved UWC Connect som voluntør fram til august 2019. Hannah hjelp til med alle aktivitetane og er ei veldig blid og sprudlande jente.

Leonora

Dagleg leiar

Eg er dagleg leiar ved UWC Connect og har ansvaret for økonomi, marknadsføring og utviklingsarbeid, og ikkje minst at du som vitjar oss får ei god oppleving! Om eg er heldig for eg også ta del i nokre aktivitetar i løpet av ei sommarleirveke!

Sommarleir instruktørar

Kjekk ungdom

I tillegg til oss som er fast tilsett har vi i tillegg mange innleigde sommerinstruktører kvar sommar. Dei er flinke, kjekke ungdommar som gjennomgår full opplæring før dei er klare for ein sommar med full fart og mykje moro!

Til toppen av sida