Vikariat som Leirskule instruktør

Likar du å vere ute, jobbe med menneske og ha ein aktiv og varierande arbeidskvardag? Kva med å jobbe på den mest internasjonale staden i Noreg?

Ein av våre Leirskule instruktørar er i permisjon å vi har vi ei ledig korttidsstilling som leirskuleinstruktør og aktivitetsinstruktør hos UWC Connect med arbeidsplass ved UWC Red Cross Nordic i Flekke, i Fjaler Kommune. Lønn er etter utdanning. Stillingens varigheit er frå starten av veke 33 (Måndag 11e August) til slutten av veke 43 (fredag 24e oktober). Det er moglegheit for forlengast av stillinga. Vi ynskjer og få in søknader seinast så fort å mulig!

Søknad og spørsmål sendast til Joakim Janninge, joakim.janninge@uwcrcn.no

Arbeidsbeskriving for aktivitetsleiar ved UWC Connect

Vi er på jakt etter ein sjølvstendig og proaktiv person som alltid yter sitt beste for at våre besøkande elevar får ei fantastisk oppleving på Haugland. Du er glad i jobbe med menneske og god til å sjå løysingar framfor problem.
Du vil jobbe tett saman med resten av teamet, og ha fleksibilitet til å forme din eigen arbeidskvardag.

Arbeidsoppgåver inkluderer:

  • Medansvar og drift av leirskulen, sommarprogrammet og aktivitetstilbod for andre grupper
  • Gjennomføring av det pedagogiske programmet ved leirskulen og andre vertskaps oppgåver i tilknyting leirskulen.
  • Medansvar for helse, miljø og tryggleik, rutinar og prosedyrar for aktivitetstilbod ved UWC Connect
  • Medansvar for UWC Connect sitt utstyr og anlegg, samt vedlikehald, sikkerheitssjekk og utskifting
  • Vere vertsskap i gjennomføring av ulike samlingar for besøkjande.

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Høgskuleutdanning med hovudvekt på friluftsliv og/eller kroppsøving
  • Godkjent instruktør/rettleiar, eller kompetanse frå høgskuleutdanning i ein, helst fleire av følgjande: klatring (NF klatreinstruktør 1 eller tilsvarande), kajakk (NPF aktivitetsleiar Hav eller tilsvarande), kano (teknikkurs kano, flattvann eller tilsvarande).
  • Båtførarprøve.
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar for stillinga:

  • Profesjonell og personleg integritet
  • Gode samarbeidsevner og god på å sjå moglegheiter
  • Liker å jobbe med menneske
  • Erfaring med veiledar rolla og eller lærarrolla
  • Evne til å kommunisere tydeleg både munnleg og skriftleg norsk og engelsk
  • Ei forståing for, og stønad til, UWC sine mål og ambisjonar.