Aktivitetsleir 2026
I sommar blir det igjenn arrangert aktivitetsleir på Haugland for barn i veke 26 (Onsdag – Fredag) og veke 33 (Måndag – Fredag)
Aldersgruppa: født 2019 – 2016
Denne aldersgruppa vil ha eit eige program, og vil bli delt opp i grupper på ca. 10. Kvar gruppe vil ha ein aktivitetsleiar som følger dei i aktivitetane.
I løpet av leiren får deltakarane i den yngste aldersgruppa mulegheit til å delta på ein rekkje spennande aktivitetar som Stand Up Paddleboarding (SUP), bogeskyting, bading i bassenget, pizzabaking, øve på tryggleik i vatn, samt andre leikar og konkurranser m.m. Kvar aktivitet varer omlag 1 time. Endeleg aktivitetsplan vert sendt ut 2 veker før leirstart.
Aldersgruppar 7 – 10 tidsplann
| Tid | Aktivitetar |
|---|---|
| 08.45 – 09.00 | Oppmøte |
| 09.00 – 10.00 | Aktivitet 1 |
| 10.00 – 11.00 | Aktivitet 2 |
| 11.00 – 12.00 | Aktivitet 3 |
| 12.00 – 12.30 | Lunsj |
| 12.30 – 14.00 | Aktivitet 4 |
| 14.00 – 15.00 | Aktivitet 5 |
| 15.00 | Henting |
Aldersgruppa: født 2015 – 2010
Denne aldersgruppar blir ei gruppe, og aktivitetane varer litt lengre med enno meir fokus på læring.
Den einskilde aktivitetane for den eldste aldersgruppa varer heile eller halve dagar. I løpet av leiren får deltakarane mulegheit til å lære å padle kayakk, reise på ein lengre kanotur (heildagstur), prøve rappellering, lage mat på utekjøkken, lære om sikkerheit i vatn, symje i bassenget, bogeskyting, Stand Up Paddleboarding (SUP), pizzabaking, m.m. Endelig aktivitetsplan vert sendt ut etter påmeldingsfristen.
Tidspunkt
Veke 26: dagtilbod onsdag – fredag kl. 08.45 – 15.00
Veke 33: dagtilbod mandag – fredag kl. 08.45 – 15.00
Påmeldingsfrist
Innan 01. juni eller til leiren er full.
Pris
470,- kr per person, per veke
I år har vi fått økonomisk støtte fra Sparebankstiftinga Fjaler til å gjennomføre dette tilbodet,
noko vi er enormt takksame for. Det betyr at vi kan redusere prisen til foresatte.
Målgruppa
Vi ønsker at alle deltakarane skal ha ei morosam og meiningsfull veke på Haugland. Alle som skal vere med på leiren må ha gjennomført første klasse, og være sjølvstendige. Det vil seie at dei må kunne ta vare på seg sjølv, følge oppsett timeplan og ordensreglar. Dersom deltakaren normalt har behov for tilrettelegging (til dømes på skulen) har vi diverre ikkje mulegheit og kapasitet til å ivareta dette på leiren. Ein kan derimot sende ein ekstra vaksen for å følge denne deltakaren. Vi ber om at dette i so tilfelle vert opplyst om i registreringsskjema.
Påmelding/Betaling
Betaling skjer gjennom vårt bookingsystem og betaling kan gjennomførast med Visa eller MasterCard.
Avbestilling
- Ved avbestilling inntil 1 måned før leirstart får du 100 % refusjon
- Ved avbestilling etter 1 måned før leirstart får du ingen refusjon
Avbestilling må skje skriftlig til connect@uwcrcn.no innan fristen.
Det er ikkje mogleg å avbestille enkeltdager, beløpet gjeld heile veka. Vi blir likevel glad for informasjon om det skjer endringar i kva dager barnet ditt skal delta på leiren.
Meir informasjon
Utstyrsliste og anna informasjon blir ettersendt 2 veker før leirstart, men er i hovedsak gode uteklede, solkrem, badeklede med skift og niste.
