Tilrettelegging

For oss er det viktig at alle skal kunne delta på leirskule uavhengig av funksjonsnivå og evt allergiar. Vi vil gjere det vi kan for at alle som kjem på leirskulen kan ta del i opphaldet i så stor grad som mogeleg, og at dei kan vere trygge på at dei har ein plass dei kan bu og mat dei kan ete uavhengig av utfordringar og allergiar.

Diett

Vi har eit flott kjøkken med dyktige kokkar som kan tilretteleggje for det meste. Dei serverar som standard alltid eit måltidsval for vegetarianenar og dei som et glutenfritt. All mat er merka der det er naudsynt (t.d svinekjøt).

Vi må ha beskjed so tidleg som mogeleg, og minst to veker i førevegen før ankomst. Gitt spesiell diett er foreldre velkomne til å ringe oss direkte, slik vi kan tilretteleggje so godt vi kan.

Fasilitetar

Kantina og dei fleste andre bygg på campus er tilrettelagd for universell tilkomst. I overnattingsbygga har vi soverom som er godt tilpassa rullestol, med ekstra vide dører og store bad tilrettelagt for rullestol.

Aktivitetane

Vi på UWC leirskule er opptatt av at alle elevar, uansett behov, skal ha like stor utbytte av å vere på leirskule. Kva aktivitetar funksjonshemmede eleven kan være med på er avhengig av graden av funksjonshemming, og må tilpassast kvar enkelt elev. Vi vil uansett gjer vi det vi kan for at eleven skal få eit fullverdig leirskuletilbod. Under følger ein oversikt over tilpasninger som er gjort for å tilrettelegge for rullestolbrukarar;

Formiddagsaktiviteter: 

  • Utekjøkken: Området for utekjøkken er lite tilgjengelig for rullestolbrukere. Her vil elever med behov for rullestol bli transportert med båt, slik at vedkommende kan vere med på sjølve utekjøkken-aktiviteten. Dersom transport i båt ikkje er mulig kan vi, etter samråd med medfølgende lærar, flytte aktiviteten til ein stad med betre tilkomst for rullestol.
  • Kano-orientering: Elevar som har behov for rullestol kan sitte i sakkosekk ombord i kanoen. Sakkosekken gir eleven god støtte, komfort og stabilitet. Dersom eleven ikkje kan sitte i kano, er det mulig å nå dei fleste postane frå tilrettelagt sti langs land.
  • Vandretur til Lillingstonhemen: Det er mogleg å legge denne turen delvis langs veg, slik at elever som brukar rullestol kan bli med på store deler av turen.

Ettermiddagsaktiviteter:

  • Av ettermiddagsaktivitetene som tilbys er det berre rappellering og kajakk som ikkje er tilgjengeleg for elevar i rullestol. Elevar som sit i rullestol har moglegheit til å være med på bushcraft og bogeskyting.