Tilrettelegging
For oss er det viktig at alle skal kunne delta på leirskule uavhengig av funksjonsnivå og evt allergiar. Vi vil gjere det vi kan for at alle som kjem på leirskulen kan ta del i opphaldet i så stor grad som mogeleg, og at dei kan vere trygge på at dei har ein plass dei kan bu og mat dei kan ete uavhengig av utfordringar og allergiar.
Diett
Vi har eit flott kjøkken med dyktige kokkar som kan tilretteleggje for det meste. Dei serverar som standard alltid eit måltidsval for vegetarianenar og dei som et glutenfritt. All mat er merka der det er naudsynt (t.d svinekjøt).
Vi må ha beskjed so tidleg som mogeleg, og minst to veker i førevegen før ankomst. Gitt spesiell diett er foreldre velkomne til å ringe oss direkte, slik vi kan tilretteleggje so godt vi kan.
Fasilitetar
Kantina og dei fleste andre bygg på campus er tilrettelagd for universell tilkomst. I overnattingsbygga har vi soverom som er godt tilpassa rullestol, med ekstra vide dører og store bad tilrettelagt for rullestol.
Aktivitetane
For dei aller fleste aktivitetane kan vi tilretteleggje til ein viss grad om vi veit om det på førehand. Vi ynskjer å inkludere alle, men må óg ta omsyn til alle dei funksjonsfriske elevane som skal ha aktivitet.
Erfaringsmessig ser vi at med ei positiv innstilling og god kommunikasjon går det meste bra og alle får ei god veke.