Reglar
Når mange menneske bur og lev tett saman i ei veke treng vi felles reglar for at opphaldet skal bli so hyggeleg som mogeleg for alle. Ulike reglar gjeld for ulike delar av leirskuleopphaldet. Det er viktig at elevane hugsar og blir minna på desse reglane slik at alle som er på leirskulen får ei kjekk og minnerik veke!
Ordensreglar for UWC leirskule
• Vis omtanke for medmenneske og stell fint med bygningar, inventar og naturen du ferdast i.
• Det blir forventa oppmøte etter timeplan og deltaking i all organisert undervisning.
• Det skal brukast redningsvest ved fiske frå holmane og i kano, kajakk og båtaktivitetar.
• Bruk av rusmidlar er forbode under heile opphaldet.
• Sjølvforskyldt øydelegging av ting fører til erstatningskrav.
• Det er forbode å opphalde seg i administrasjons- og helsesportbygget til Haugland Rehabiliteringssenter.
• Bading, fiske og bruk av kano/båt i fritida utan løyve er forbode.
• Vi ynskjer at elevane skal vere mest mogeleg til stades under leiropphaldet og all bruk av mobiltelefon er difor forbode under opphaldet. Hvis nokon har telefon med, ynskjer vi at
medfølgjande lærar samlar dei inn før ankomst til leirskulen. Foreldre som må komme i kontakt med sine born kan kontakte medfølgjande lærar eller leirskulen direkte.
Ved brot på reglane vurderer det pedagogiske personalet heimsending på eleven/foreldra si rekning. Det blir krevd full betaling av bestilt opphald.
Ordensreglar i overnattingsbygga
Nattero: Det skal vere nattero frå kl. 22.00
Røyking: Det er forbode å røykje/tenne stearinlys i og rundt overnattingshusa.
Søppel: Søppel skal kastast i søppelkassa (ikkje i toalettet eller i naturen).
Manglar: Alle manglar skal meldast til tilsette ved leirskulen.
Brann: Følg branninstruksen og gje straks beskjed til leirskuleansvarleg.
Reingjering: Utstyr til reingjering finnast på vaskerommet i kvar etasje.
Lufting: Bruk luftelukene. Vindauga skal ikkje opnast meir enn 10 cm.
Avreise: Romma skal ryddast og vaskast før avreise. Ved avreise skal romma vere i same stand som då de kom.