Måltid
Frokost og middag på UWC Leirskule serveres i kantina til UWC RCN.
Alle må lage matpakke til lunsj under frokosten. Elevene kan også smøre matpakke til kveldsmat under middagen.
Dyktige kokkar serverer mat frå heile verda og sørger for at alle elevane får i seg sunn og næringrik mat – slik at borna har overskot til å delta på alle dei kjekke aktivitetane. Med lange aktive dagar er det ekstra viktig at borna et nok og riktig mat. Om behov for spesielle diettar har vi lang erfaring med å tilrettelegge for dette, so lenge vi får beskjed i god tid på førehand.
I kantina har ein god tid til å prate og bli kjent med studentane og lærarane frå heile verda.