Ansvars- og tilsynsordning
• Under alle organiserte aktivitetar har leirskuleinstruktørane ansvaret for undervisninga og tryggleiken til elevane som deltek.
• Vertskapet har ansvar for kost og losji og vertskapsplikter knytt til det, slik som branntryggleik, reinhald, vedlikehald m.m.
• Vertskapet har medansvar for at leirskulen sine ordensreglar blir overhaldne. Medfølgjande lærarar/foreldre har medansvar for at leirskulen sine ordensreglar blir følgde og for tilsynet med
elevane på fritida og nattestid (sovande nattevakt).
• I samarbeid med leirskulen skal medfølgjande lærarar delta i leirskulen si undervisning tilsvarande det timetalet vedkommande normalt ville hatt i undervisning/arbeidsplantimar.
• Lærarane har ansvar for å innhente skriftleg samtykke frå foreldra om at dei vil gi elevane løyve til å bade utandørs, dersom lærarane tillet dette.
• Lov til å opphalde seg utanfor det definerte området for leirskulen kan berre gjevast av lærarane/foreldra som er med, når han/ho tek ansvaret. Kart over området blir utlevert ved ankomst
til leirskulen.