Vi søker etter motiverte aktivitetsleiarar for å ta del i gjennomføringa av sommarens eventyr på Haugland!
UWC Connect arrangerer 8 veker med sommarleir for Røde Kors i løpet av perioden juni—august.
Vi søker deg som
– Likar å jobbe utandørs med ulike typar aktivitetar
– Likar å jobbe med menneske og har evne til å leie ulike typer grupper
– Er positiv, sjølvstendig, utadvendt og løysingorientert
– Kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
Du må vere fylt 18 år, i tillegg er det eit krav at alle aktivtietsleiarane har livredningsprøve (arrangert i forkant av at sommareleirane startar).
Ein må legge fram Politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.
Det er også ein fordel om du har båtførarbevis.
Vi tilbyr
– Ingen like dager, fullt fres og mykje arbeid
– Bading og mykje moro i arbeidstida
– Ein givande jobb
– Løn etter tariff
– Muligheit for forlenging av arbeidsperioden
Søknadsfrist 15. februar
Ta gjerne kontakt på tlf. 919 94 092 v/ Josh Macfarlane dersom ein ynskjer meir informasjon om stillinga.
