Haustferieleir på Haugland

VELKOMEN PÅ LEIR I HAUSTFERIEN

Vi håpar på fint vér og ei aktiv og kjekk veke på Haugland!
Vi skal vere saman med studentar frå heile verda! Det vil sjølvsgagt også vere elevane og andre som pratar norsk. Saman skal vi bake pizza, prøve kano, spele brettspel, lære og lage bål, bade i basseng og ha det kjekt saman!

Totalt er det 25 plassar tilgjengeleg og tildeling av plass vil skje etter førstemann til mølla prinsippet. PÅMELDING HER!

Dato: veke 41 (10.10 -13.10)
Tidspunkt: dagtilbod mandag – torsdag kl 08.30 – 15.30 med muligheit for overnatting for 4. – 7. klasse -onsdag – torsdag.
Pris: Gratis
Påmelding: innan 5. oktober eller til leiren er full