Aktivitetsleir 2023

VELKOMEN PÅ LEIR I SOMMAR 2023

Vi håpar på fint vér og aktive og kjekke veker på Haugland!
Saman skal vi bake pizza, prøve kano & kajakk, lære og lage bål, bade i basseng og mykje anna moro! Det viktigaste er at vi skal ha det kjekt og skape nye sommarminner saman!

Totalt er det 30 plassar tilgjengleg i veke 32 og 70 plassar tilgjengeleg i veke 33. Tildeling av plass vil skje etter førstemann til mølla prinsippet. PÅMELDING HER!
I veke 32 vil vi reise 1 dag til Førde og besøke Sunnfjordparken.

Dato: veke 32 ( 08.08 -11.08) og veke 33 (14.08 – 18.08)
Tidspunkt: dagtilbod mandag – fredag kl 08.30 – 15.30
Pris*: kr 0
Påmelding: innan 15.juli eller til leiren er full

*Vi har fått midler frå Gjensidigestiftelsen til å gjennomføre aktivitetsleir på Haugland. Tilbodet er dermed gratis for alle, noko som er utruleg flott! For å unngå at nokon melder seg på og ikkje møter på leir, vil vi fakturer NOK 1000,- til dei som ikkje møter opp. Dette for å unngå at ein tek plassen til nokon på venteliste.