Røde Kors Sogn og Fjordane

Leir på Haugland i over 30 år!

På Haugland jobber det idag over 150 personer på UWC Røde Kors Nordisk og Røde Kors Haugland Rehbailiteringssenter. Arva frå Christian Bekker har ført til kompetansejobber og eit yrande folkeliv på Haugland.
Men visste du at den aller første aktiviteten på Haugland var knytt opp til sommarleirar i regi av Sogn og Fjordane Røde Kors?

I over 30 år, sidan 1985, har Sogn og Fjordane arrangert sommarleirar på Haugland. Ferie for Alle har som hovudmål å tilby eit ferietilbod for alle. I 2019 gav Røde Kors Sogn og Fjordane tilbod til over 200 barn og vaksne som er råka av svak økonomi over tid. I tillegg arrangerte Røde Kors Sogn og Fjordane Barne og Ungdomsleir med kring 60 deltakarar.

I løpet av 3 veker med leir deltok også eit 30-talls frivillige frå Røde Kors for å sørge for at alle deltakarane hadde fine dagar på Haugland. Med strålande sol heile perioden var det mange glade menneske på Haugland, nokon for første gang, mens andre har vore her på leir fleire gangar.

På Haugland har vi alt samla, kjekke aktivitetar og flotte fasilitetar. Det er fint å samarbeide med UWC Connect og alle tilsette på Haugland!
Henriette Solheim, Opplæring og ferieleiar

Ferieleirane er viktig for dei gir alle uavhengig av økonomi, mogelegheita til å ha nokre dagar fri og ha det kjekt saman med andre.
Dette samsvarer veldig godt overeins med filosofien til UWC Røde Kors Nordisk kor målsetnad er å syte for utdanning til ungdommar frå heile verda, uavhengig av etnistet, bakgrunn og økonomi.

UWC Connect er svært glad for det gode samarbeidet med Sogn og Fjordane Røde Kors og ser fram til kvar sommar då området fyllast opp av glade barn og vaksne!

Sommaren 2019 vart Landsleiren for Røde Kors Ungdom også gjennomført på Haugland! Over 100 ungdommer frå heile Noreg fekk delta på eit spennande fagleg program og eit kjekt sosialt program. Det er ingenting å seie på engasjemenet blant dagens ungdommar!

Frivillige 2018.
Styret i Sogn og Fjordane testar ut pizzaomnen på sitt styremøte!