Fasilitetar

Leirstaden vår ligg vakkert plassert i ei skjerma bukt på Haugland i Fjaler. Vi har fasilitetar av høg standard og yter vårt aller beste for at alle våre gjestar skal få ta del i nye opplevingar som skapar varige og gode minner.

Vi har sengekapasitet til inntil 290 gjestar, stort samlingslokale og flott kantina som serverer 3 måltid for dagen.

Uteområdet er perfekt for mange ulike typar utandørsaktivitetar og ikkje minst må vi nemne det flotta bassenganlegget på området!

Trykk på ein kategori under for å hoppe direkte til den relevante seksjonen.

CampusOvernattingMåltidBadeland


Campus

Leirstaden ligg tilknytt campus til UWC Røde Kors Nordisk på Haugland, plassert ved ei bukt langs ved ein nydeleg fjord, Flekkefjorden, i Fjaler kommune.

Haugland ligg ca 50 min køyretid sør for Førde og 3 timar nord for Bergen. Skulen vart etablert i 1995 og sidan den gang har campus utvikla seg til eit svært flott område med stadig nye bygg og eit utvida aktivitetstilbod som sommarleirane nyttar seg av. Alle fasilitetane held høg standard og området er under stadig fornying og utvikling. Våren 2018 opna det nyaste tilskotet på campus, eit nordisk tun, med tilhøyrande Bakehus som vi inkluderer i sommarleirprogrammet.

Uteområdet på Haugland innbyr til mange kjekke både organsierte- og fritidsaktivitetar for borna, og vi er trygg på at alle vil ha ei super oppleving på Haugland!

I over 30 år har det blitt arrangert sommarleirar på Haugland og i løpet av denne tida har det vore tusenvis av små og store på Haugland som har tatt del i kjekke opplevingar

Overnatting

Vi har kapasitet på inntil 290 gjestar. Innlosjering er i studentinternata samt to flotte nye bygg, opna av Hennar Majestet Dronning Sonja, hausten 2015. Sommarleirdeltakarane søv saman på 4-, 5- eller 8 manns rom, dei aller fleste med eige bad tilknytt rommet. Vi har også nokre enkeltrom m/bad til disposisjon. Bygga har også stor garderobe og samlingsrom for hygge om kvelden. Mange av romma er universelt utforma og tilkomsten i hovedetasjane er tilpassa rullestolbrukarar.

Hennar Majestet Dronning Sonja er UWC RKN sin høge beskyttar og opna overnattingsbygga til bruk for gjestar, Henry Dunant og Thor Heyerdahl, hausten 21. september 2015.

Måltid

Alle måltida blir servert i kantina til UWC RKN.
Dyktige kokkar serverer mat frå heile verda og sørger for at alle får i seg sunn og næringrik mat – slik at deltakarane har overskot til å delta på alle dei kjekke aktivitetane. Med lange aktive dagar er det ekstra viktig at ein et nok og riktig mat. Om behov for spesielle diettar har vi lang erfaring med å tilrettelegeg for dette, so lenge vi får beskjed i god tid på førehand.

Sunn og næringsrik mat er viktig for å kunne halde eit høgt aktivitetstempo.

Bassenganlegg

Det flotte bassenganlegget på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er svært populært blant sommarleirdeltakarne og vi legg til rette for so mykje bading som dåke ynskjer i sommarleir-programmet.

Badelandet har eit 25 m basseng med fontener, straum og vassklie i tillegg til eit oppvarma terapibasseng. Badevakter frå UWC Connect sørger for at alle er trygge i bassenget.

Badelandet er utrulig populært hos borna og gir dei ei unik muligheit til å bli enno betre symjarar i løpet av kun 1 veke!

Symjebassenget på Haugland opna i 1995, men visste du at verdas eldste symjebasseng finn ein i Indusdalen i Pakistan?

Til toppen av sida