Aktivitetar

Sommarleir-programmet på Haugland er svært variert og omfangsrikt. Vi garanterer kjekke opplevingar som skaper varige minner! Saman med dykk setter vi ihop eit godt og variert program tilpassa dykkar ynskjer og behov!

UWC Connect tilbyr eit mangfald av aktivitetar tilpassa gruppestorleik, alder og intressser!

PIZZALAGING

Vi lagar nydeleg steinomnsbakt pizza i det nye Bakehuset!

HESTERIDNING

Ri på hest eller sitte på i vogna? Det er opp til deg.

TUBEKØYRING

Full fart i tube etter motorbåt er svært populært! Aldersgrense 5 år.

UTEKJØKKEN

Når vi har utekjøkken går vi ut til Raudbua, kor vi fyrar bål og stormkjøkken, og lagar pizza og kakao. Vi samlast og kosar oss med det vi har laga før vi går tilbake.

BÅT

I robåtane øver vi på å jobbe i lag, så båten får fart. Kanskje nokon vil fiske? Vi har også motorbåt til lengre turar.

KANO

Kanopadling krev samarbeid! Vi held oss i bukta på Haugland og øver på padletak og samarbeid gjennom leikar og øvingar. ​


KLATRING

Med fokus på meistring og tryggleik får alle som vil prøve seg i klatreveggen. Ved veldig dårleg vér har vi også ein liten klatrevegg inne vi kan benytte.

KAJAKK

Kajakkpadling går føre seg på fjorden i ei trygg og oversiktleg bukt ved leirskulen. Alle må ha på våtdrakt og padlevest. Du får lære grunnleggjande padleteknikkar gjennom leikar på sjøen.

TAULØYPE

I tauløype får du utfordra balansen, evna til samarbeid og problemløysing. Det er spanande å sjå kva de kan få til ilag.

BUSH CRAFT

Kva med å lære seg å lage ein gapahuk som det går an å overnatte i, og fyre opp bål utan fyrstikker?

BOGESKYTING

Med god hjelp lærer du dei riktige teknikkane for å skyte med pil og boge. Kanskje treff du blink også?

HAUGLAND ADVENTURE

Lagbyggingsaktivitetar kor du blir godt kjent med gruppa gjennom artige utfordringar.

BADELAND

I det flotte bassenganlegget er det 25 m basseng, varmtvassbasseng og vassklie. Her kosar både små og store seg!

SUP

Vi har små og store brett, og dette er ein kjempekjekk aktivitet for alle aldrar!

FJELLTUR

På Haugland er det mange fine moglegheit for korte og lengre turar!

I tillegg er det mogelegheit for:
• Fotball i ballbingen
• Pingpong
• Filmkveld: kino i det store auditoriumet
• Diskotek/dans
• Kunst og handverk
• Fiske langs holmane
• Bading i fjorden

Alle aktivitetane føregår i trygge rammer under leiing av kyndig og sertifisert personale og vi har stort fokus på at alle skal oppleve meistring og glede ved å vere ute i naturen. Er det noko du saknar ta kontakt so finn vi heilt sikkert ei løysing!

Ta kontakt med oss for eit opplegg skreddarsydd dykkar gruppe!


Vekesprogam

Sjå under for eit døme på vekesprogram på sommarleir på Haugland. Vi held på frå morgon til kveld, og sørger for ei innhaldsrik og artig veke!


Bildearkiv

I bildekarusellen under har vi samla mange bilder frå sommarleirar på Haugland og alt det kjekke vi held på med i løpet av sommaren!

Til toppen av sida