UWC Connect
Vi ynskjer årleg over 2000 besøkjande velkomne til unike opplevingar på UWC campus!
UWC Connect vart etablert i 2015 og er eit selskap 100% eigd av UWC Røde Kors Nordisk. Gjennom gode tilbod ynskjer vi å leggje til rette for auka aktivitet på Haugland og vi ynskjer at enno fleire skal få ta del i det internasjonale miljøet og mangfaldet av personer og aktiviteter vi kan tilby. UWC Connect eig og driv UWC Leirskule, og alle dei andre kommersielle tilboda knytt til UWC Røde Kors Nordisk. Døme på dette er blant anna sommarleirar, leirskule, overnatting, utleige av lokale, matservering og aktivitetar til mange typar ulike grupper. I 2018 hadde vi over 2000 besøkjande på campus, men vi har kapasitet til å ta imot enno fleire! Velkomen til Haugland!
UWC Leirskule
Sidan 2001 har norske born blitt kjent med ungdommar frå heile verda på UWC Leirskule!
UWC Leirskule er eigd og drifta av UWC Connet i tett samarbeid med UWC Røde Kors Nordisk. Det spesielle med UWC Leirskule er at mange av aktivitetane er leia av studentane ved colleget, som har fått opplæring og rettleiing av kvalifiserte pedagogar. Møtet mellom internasjonale studentar og norske skuleborn kan gi førstehandskunnskap om delar av verda som borna kanskje ikkje eingong har høyrt om. Dette gir borna eit unikt høve til å lære, og til å utvide horisonten.
Gjennom eit variert vekesprogram skapar vi sams opplevingar som gir barna minne for livet!
UWC Leirskule er medlem og godkjent av Norsk Leirskoleforening.
UWC Røde Kors Nordisk
UWC Røde Kors Nordisk er ein internasjonal vidaregåande skule, den eine av til saman sytten United World Colleges (UWC) på verdsbasis. Vi samlar heile verda i den vesle vestlandsbygda Flekke!
UWC-skulane tek i mot studentar frå heile verda, valde på grunnlag av personlege eigenskapar, utan omsyn til rase, religion, politisk ståstad og betalingsevne. Skulen har eit overordna mål om å fremje mellommenneskeleg respekt og medkjensle. Den første UWC-skulen vart grunnlagt i 1962 i Wales.
På UWC Røde Kors Nordisk, etablert i 1995, deler årleg 200 studentar frå over 90 ulike land opplevingar i klasserommet, gjennom aktivitetar og i det daglege livet på campus. Skulen tilbyr vidaregåande opplæring, International Baccalaurate (IB) og utdanninga varer i 2 år. UWC RKN har eit særskilt fokus på å fremje kunnskap om nordiske verdiar, humanitet og miljø (uwcrcn.no).
Skulen sin målsetnad er å leggje til rette for at studentane blir aktive, engasjerte og utdanna individ som gjennom deira forståing for interkulturelle tilhøve vil bli ein katalysator for positiv endring. Gjennom dei 2 åra studentane er her, blir det også lagt stor vekt på at alle uavhengig av bakgrunn og tidlegare erfaring skal få ta del i ulike friluftslivsaktivitetar, som ein del av den nordiske kulturen.
Som representantar for landa sine ønsker vi at studentane våre skal påverke i sine heimland til meir forståing, medkjensle og fred. Kort sagt vil vi skape ei betre og meir tolerant verd.