Trainee Vest på Haugland!

Første helga i september tok vi for 3 året på rad imot Bergen Næringsråd!

27 traineear i Trainee Vest programmet råd kom til Haugland for å lære, bli inspirert og starte sitt traineeår med ei helg full av ulike aktivitetar!  Bjørn Haugland, CEO Skift – Næringslivets klimaledere, starta det heile med eit inspirerande foredrag om næringslivet sine muligheiter til å akselere skifte til ei berekraftig framtid. Gjennom helga fekk traineane ta del i ulike workshop knytt til FN sine bærekraftsmål saman med studentane ved UWC frå heile verda og dei fekk lære om studentane sine ulike humanitære engasjement.

Vi i UWC Connect trur veldig på den positive effekten av møte mellom ulike menneske frå ulike kulturar og ulik ståstad og kva det kan betyr for nye idear og perspektiv!

Det vart sjølvsagt også tid til kjekke aktivitetar og god mat og studentane ved UWC overraska gjestane med musikalske innslag under middagen laurdag.

«Sammen setter vi FN’s Bærekraftsmål på agendaen. Vi håper og tror at det fantastiske miljøet ved  UWC og møte med de unge elevene fra hele verden, har gitt våre nyutdannede traineer ny kunnskap og nye perspektiver de tar med seg videre inn i arbeidslivet. Ingen kan gjøre alt, men alle kan gjøre litt. Og vi må samarbeide for å nå målene. Takk til UWC Connect for en fantastisk opplevelse»

Marit Warncke, Dagleg leder Bergens Næringsråd