Sommarleir på Haugland 2020!

Ved campus til UWC RCN på Haugland er det eit perfekt miljø for aktivitetar både ved land og i sjø! Vi arrangerer eigne sommarleirar og vi legg til rette for at din organisasjon kan ha ei fantastisk leiroppleving på Haugland. Vekene for sommaren 2020 begynner alt å fylle seg opp, men ta kontakt med oss so ser vi på muligheitane saman!

Leirperiode sommar 2020: frå veke 26 til og med veke 33 (22.juni – 14 august).

Vår leirstad ligg vakkert plassert på campus til UWC Røde Kors Nordisk, i ei skjerma bukt på Haugland. Vi har fasilitetar av høg standard og yter vårt aller beste for at alle våre gjestar skal få ta del i nye opplevingar som skapar varige og gode minner. Vi har sengekapasitet til inntil 290 gjestar, stort samlingslokale og flott kantine som serverer 3 måltid for dagen. Uteområde er perfekt for mange ulike typar utandørsaktivitetar og ikkje minst må vi nemne det flotte bassenganlegge på området!

Bilete frå sommarens leirar!

Vi garanterer kjekke opplevingar som skaper varige minner! Saman med dykk setter vi ihop eit godt og variert program tilpassa dykkar ønsker og behov. Aktivitetar kan inkludere kano, pil & boge, kajakk, klatring, vere i basseng, utekjøkken, rebusløyper, stand up paddleboards, turar, fun ballz, båttur, kino i storsal, pizzalaging og hesteridning for å nemne nokre av aktivitetane vi kan tilby.

Sommaren 2019 hadde vi besøk av over 1200 leirdeltakarar og vi gler oss til at campus skal fyllast av liv og røre på ny sommaren 2020! Ta kontakt med oss no for å utforske muligheitane for sommaren 2020.