Aktivitetsdagar på Haugland

Ved campus til UWC RCN på Haugland er det eit perfekt miljø for aktivitetar både ved land og i sjø. Våre erfarne instruktørar ønsker alle born frå 1 klasse til 7 klasse velkomne til innhaldsrike og artige dagar saman tilpassa sesong og klima! Fjorårets sommerleirar var ein suksess med over 90 barn som som deltok på leir. I år utvidar vi tilbodet og tilbyr også leir i dei andre skuleferiane

Aktivitetsprogrammet blir sjølvsagt tilpassa sesongen vi er i, men vi garanterer kjekke opplevingar som inkluderer kano, pil & boge, vere i basseng, utekjøkken, rebusløyper, turar og mange andre kjekke aktivitetar. Dei eldste borna (frå og med 5 klasse) vil óg få prøve kajakk, stand up padleboard og klatring gitt passande vér.

Aktivitetsleirar i 2019

Påskeferie
15 – 17 april, mandag – onsdag

Sommarleirar
24 -28 juni (v. 26) mandag – fredag
12 –16 august (v. 33) mandag—fredag

Haustferien
7 – 11 oktober (v. 41): mandag—fredag

Tidspunkt kl. 08.00 — kl. 15.30 alle dager. Det er fint mulig å kun melde seg på einskilde dagar.

Pris
kr 350,- per dag
kr 1500,- per veke (søskenrabatt kr 250,- per søsken ved booking av heil veke)

Avbestilling etter utløp av påmeldingsfrist vert fakturert i sin heilskap i høve booking.
Utstyrsliste blir ettersendt ved utløp av påmeldingsfrist, men er i hovedsak gode uteklede tilpassa sesong og byteklede, samt badeklede. Nistepakke må ein også ta med.
Vi tek atterhald om nok påmelde.

Påmelding påskeferien – påmeldingsfrist 25.mars
Påmelding veke 26 – påmeldingsfrist 1.juni
Påmelding veke 33 – påmeldingsfrist 1.juli
Påmelding haustferien – påmeldingsfrist 1.september