Opplev verda på UWC Leirskule!

På UWC Røde Kors Nordisk studerer 200 ungdommar frå over 90 ulike nasjonar. Dette er ungdommar i alderen 17- 20 år som går på International Baccalaureate linja (tilsvarande 2. og 3. klasse på vidaregånde skule) i Noreg. Alle 100 førsteklassingar er med som leirskuleinstruktørar som ein del av deira undervisning på skulen. Studentane får god opplæring og leiar alle ettermiddags- og kveldsaktivitetane, under kyndig leiing av pedagogisk ansvarleg.

Involvering av UWC studentane gir alle borna som deltek på UWC Leirskule ein unik muligheit til å få oppleve verda i ei lita vestlandsbygd.

Leirskuleborna blir kjent med menneske og kulturar frå heile verda, og har ein unik muligheit til å praktisere engelsk i løpet av leirskuleopphaldet.

Det er utrulig å sjå språkutviklinga i løpet av kun 1 veke og vi får stadig tilbakemeldingar frå imponerte kontaktlærarar som framhevar kor mykje flinkare og tryggare borna blir i engelsk på kort tid!

«Det er veldig kjekt å bli kjent med norske barn og det verkar som dei synest det er veldig kjekt å blir kjent med oss og!»

Flor Marie, Mexico

Borna blir godt kjent med studentar frå heile verda i løpet av leirskuleveka, og vil bli instruert og passa på av studentane.
“Ungane elskar UWC studentane og synest det er stor stas at dei leiar mange av dei ulike aktvitetane. Dette gir dei ein unik muligheit til å praktiserer engelsk.”

Marius, lærar Lindås skule

UWC Røde Kors Nordisk vart opna i 1995 og sidan 2001 har skulen drive UWC Leirskule på Haugland med til saman fleire tusen besøkjande barn.
Som leirskuleansvarleg er det utrulig givande å sjå samspelet mellom norske born og ungdommar frå heile verda. Det var ein gang ein besøkjande lærar som refererte til UWC Leirskule som «vaksine mot rasisme» – og i dagens stadig meir polarisert verd gir denne positive samhandlinga mellom nasjonar og kulturar ein enorm ekstra verdi til eit leirskuleopphald.

Leonora, Dagleg leier UWC Leirskule