Fasilitetar

UWC Leirskule ligg på campus til UWC Røde Kors Nordisk og vi nyttar mange av dei same fasilitetane.
Leirskule-borna søv i nye overnattingsbygg ved enden av studentbyen og et alle måltid i UWC RKN si kantina.
Her er auditorium og klasserom tilgjengeleg, og eit stort flott uteområde som inviterer til mange kjekke aktivitetar!

Trykk på ein kategori under for å hoppe til den relevante seksjonen.

CampusOvernattingMåltidBadeland


Campus

UWC Leirskule ligg på campus til UWC Røde Kors Nordisk på Haugland, plassert ved ei bukt langs ved ein nydeleg fjord, Flekkefjorden, i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.

Haugland ligg ca 50 minutter køyretid sør for Førde og 3 timar nord for Bergen. Skulen vart etablert i 1995 og sidan den gang har campus utvikla seg til eit svært flott område med stadig nye bygg og eit utvida aktivitetstilbod som leirskulen benyttar seg av. Alle fasilitetane held høg standard og området er under stadig fornying og utvikling. Våren 2018 opna det nyaste tilskotet på campus, eit nordisk tun, med tilhøyrande Bakehus som vi etterkvart vil inkludere i leirskuleundervisninga.

Uteområdet på Haugland innbyr til mange kjekke organsierte og fritidsaktivitetar for borna, og vi er trygg på at alle vil ha ei kjekk oppleving på campus!

Sidan oppstarten av UWC Leirskule i 2001 har vi tatt imot tusenvis av barn til ei uforgløymeleg veke på UWC Leirskule!

Overnatting

UWC Leirskule har kapasitet på inntil 85 gjestar. Innlosjering i to flotte nye bygg, opna av Hennar Majestet Dronning Sonja, hausten 2015. Elevane søv saman på 4- eller 8-manns rom, dei aller fleste med eige bad som er tilknytt rommet. Vi har nokre enkeltrom m/bad til disposisjon for lærarane. Bygget har også stor garderobe og samlingsrom for hygge om kvelden. Mange av romma er universelt utforma og tilkomsten i hovedetasjane er tilpassa rullestolbrukarar.

Hennar Majestet Dronning Sonja er UWC RKN sin høge beskyttar og opna overnattingsbygga til bruk for UWC Leirskule, Henry Dunant og Thor Heyerdahl, hausten 21. september 2015.

Måltid

Alle måltida på UWC Leirskule blir servert i kantina til UWC RKN.
Dyktige kokkar serverer mat frå heile verda og sørger for at alle elevane får i seg sunn og næringrik mat – slik at borna har overskot til å delta på alle dei kjekke aktivitetane. Med lange aktive dagar er det ekstra viktig at borna et nok og riktig mat. Om behov for spesielle diettar har vi lang erfaring med å tilrettelegge for dette, so lenge vi får beskjed i god tid på førehand.

I kantina har ein god tid til å prate og bli kjent med studentane og lærarane frå heile verda.

Bassenganlegg

Heile 2 kveldar i løpet av eit leirskuleopphald på UWC leirskule nyttar vi det flotte bassenganlegget på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter.

Badelandet har eit 25 m basseng med fontener, straum og vassklie i tillegg til eit oppvarma terapibasseng. Badevakter frå UWC Leirskule passer på at alle er trygge i bassenget.

Badelandet er utrulig populært hos borna og gir dei ei unik muligheit til å bli enno betre symjarar i løpet av kun 1 veke!

Symjebassenget på Haugland opna i 1995, men visste du at verdas eldste symjebasseng finn ein i Indusdalen i Pakistan?

Til toppen av sida