Aktivitetar

Leirskule-programmet ved UWC Leirskule er svært variert og omfangsrikt. Med over 100 studentar og pedagogar delaktig i utføringa kan ein vere trygg på god oppfølging under alle aktivitetane!

Dagen blir delt inn i eigne program for føremiddag, ettermiddag og kveld. Hovudvekta av aktivitetane ligg på friluftslivsaktivitetar som klatring, kano, kajakk, bogeskyting, orientering og utekjøkken. I tillegg får elevane prøve matlaging, drama, dans, musikk og utflukt, for ikkje å gløyme avslutningsfesten! For tre kveldar vil borna også få benyte det flotte bassenganlegget på Haugland. Vassklia er svært populær blant elevane!

I aktivitetane på ettermiddagen vil UWC-studentar vere instruktørar, saman med ein vaksen person. Desse øktene er på engelsk. Allereie etter første dag blir elevane tryggare på engelsk og lærer gjennom å bruke språket. Alle aktivitetane føregår i trygge rammer under leiing av kyndig og sertifisert personale og vi har stort fokus på at alle barna skal oppleve meistring og glede ved å vere ute i naturen.

UWC Leirskule gjer at elevane får ein unik muligheit til å bli kjent med ungdom frå heile verda!

Føremiddagsaktivitetar

Føremiddagane på leirskulen er fylt med aktivitetar på og ved fjorden. Alle får i løpet av veka være med på alle aktivitetane.

UTEKJØKKEN

Når vi har utekjøkken samlar vi gruppa og går ut til Raudbua, kor vi fyrar bål og stormkjøkken, og lagar pizza og kakao. Vi samlast og kosar oss med det vi har laga før vi går tilbake til leirskulen.

BÅT

Vi samlar oss i Åfjordbåten og ror ut på fjorden. Der øver vi på å jobbe i lag, så båten får fart, mens vi lærer om korleis livet ved fjorden var på tida då slike båtar var i dagleg bruk.

KANO

Kanopadling krev samarbeid! Og kommunikasjon. Når vi har kanopadling held vi oss i bukta ved leirskulen og øver på padletak og samarbeid gjennom leikar og øvingar. ​På onsdagen er det turdag. Då padlar vi litt ut av fjorden, til Jensbua, kor vi går tur og et føremiddagsmat.


Ettermiddagsaktivitetar

Tysdag, onsdag og torsdag er UWC-studentane instruktørar for ulike aktivitetar. Alle elevane må på førehand velje tre av seks mulige aktivitetar, ein for kvar dag. Sjå under for kva aktivitetar ein kan velje mellom.

KLATRING

Med fokus på meistring og tryggleik får alle prøve seg i klatreveggen under trygge forhold. Ved veldig dårleg vér har vi ein liten klatrevegg inne vi kan benytte.

KAJAKK

Kajakkpadling går føre seg på fjorden i ei trygg og oversiktleg bukt ved leirskulen. Alle må ha på våtdrakt og padlevest. Du får lære grunnleggjande padleteknikkar gjennom leikar på sjøen. Denne aktiviteten gir også høve til mindre symjeturar.

TAULØYPE

De byrjar med ein introduksjon kor tryggleik er i hovudfokus og du blir del av ei gruppe som må arbeide i lag for å ta seg gjennom ei tauløype. Du får utfordra balansen, evna til samarbeid og problemløysing. Det er spanande å sjå kva de kan få til ilag.

BUSH CRAFT

Gjennom praktiske øvingar og introduksjon får elevane løre seg og lage ei gapahuk som det går an å overnate i, og fyre opp bål utan fyrstikker!

BOGESKYTING

Med god hjelp frå studentane lærer du dei riktige teknikkane for å skyte med pil og boge. Kanskje du treff blink og?

HAUGLAND ADVENTURE

Haugland Adventure er ein serie med lagbyggingsaktivitetar kor du blir kjent med deg sjølv, gruppa og studentane gjennom arbeid med kart og ulike utfordringar.


Kveldsaktivitetar

På UWC Leirskule er det mykje aktivitet, også på kveldane. Elevane kan benytte bassenganlegget 3 kveldar i tillegg til internasjonal aften saman med studentane og avslutningsfest!

BADELAND

Mandag, tysdag og torsdags kveldane har alle tilbod om fri bading på Haugland Rehabiliteringssenter. I det flotte bassenganlegget er det 25 m basseng, varmtvassbasseng og vassklie. Tilsette på leirskulen og nokre av studentane er badevakter.

INTERNASJONALE AKTIVITETAR

På onsdagskvelden skal alle delta på Internasjonale Aktivitetar og her kan ein bli med på ulike aktivitetar frå studentane sine heimland. Aktivitetane varierer frå år til år, avhengig av for kva land studentane kjem frå – alt frå asisatisk oregami, afrikansk dans til ulike internasjonale leikar.

AVSLUTNINGSFEST

Siste leirskulekveld, torsdag, er det felles avslutning! Klassane skal førebu underhaldning og vise for kvarandre før det blir quiz og kake. Invitere gjerne studentane som ein har blitt kjent med i løpet av veke til avslutningsfesten!


Vekesprogam

Sjå under for ei samla oppstilling av vekesporgram på UWC Leirskule. Vi held på frå morgon til kveld, og sørger for ei innhaldsrik og artig veke!


 


Bildearkiv

I bildekarusellen under har vi samla mange bilder frå UWC Leirskule og alt det kjekke vi held på med i løpet av ei veke!

Til toppen av sida

Siste frå Facebook

Ikkje kvar dag ein lagar pizza til 100 stk! Kjekk avslutning på leirskule-sesongen for alle dei flinke studentane som er med på å gjere UWC leirskule heilt unik for alle besøkende elevar🇧🇷🇧🇪🇧🇫🇨🇱🇨🇴🇨🇵🇩🇰🇫🇮🇫🇷🇮🇹🇯🇵🇱🇸🇲🇬🇵🇷🇸🇯🇦🇹🇧🇫 ... See MoreSee Less

Besøk oss på Facebook!

Utvikla av Finurlig | finurlig.no
Personvern og cookies