Fasilitetar

Vi tilbyr fasilitetar av høg standard og yter vårt aller beste for at alle våre gjestar skal få ta del i nye unike opplevingar som skapar varige og gode minner.

Vi har sengekapasitet til inntil 290 gjestar, stort samlingslokale og flott kantina som serverer 3 måltid for dagen. Uteområdet er perfekt for mange ulike typar utandørsaktivitetar og ikkje minst må vi nemne det flotte bassenganlegget på området!

Trykk på ein kategori under for å hoppe til den relevante seksjonen.

CampusOvernattingMåltidBadeland


Campus

UWC Connect ligg på campus til UWC Røde Kors Nordisk på Haugland, plassert ved ei bukt langs ved ein nydeleg fjord, Flekkefjorden, i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane.

Haugland ligg ca 50 min køyretid sør for Førde og 3 timar nord for Bergen. Skulen vart etablert i 1995 og sidan den gang har campus utvikla seg til eit svært flott område med stadig nye bygg og eit utvida aktivitetstilbod som våre besøkjande nyttar seg av. Alle fasilitetane held høg standard og området er under stadig fornying og utvikling. Våren 2018 opna det nyaste tilskotet på campus, eit nordisk tun, med tilhøyrande Bakehus som er blitt svært populært blant besøkjande.

Uteområdet på Haugland innbyr til mange kjekke aktivitetar og vi skreddarsyr eit progam tilpassa dine behov og ønsker.

Årleg tek vi imot kring 3000 besøkjande på Haugland, til unike opplevingar på den mest internasjonale staden i Noreg.

Overnatting

Sommarmånadane har vi kapasitet på inntil 290 gjestar. Resten av året har vi til ei kvar tid 90 sengeplasser tilgjengeleg.
Innlosjering er i studentinternata samt to flotte nye bygg.

Vel mellom enkeltrom, dobbeltrom eller familierom med inntil heile 8 sengeplasser. Dei aller fleste romma har eige bad som er tilknytt rommet.
Bygga har også stor garderobe og samlingsrom for hygge om kvelden. Mange av romma er universelt utforma og tilkomsten i hovedetasjane er tilpassa rullestolbrukarar.

Hennar Majestet Dronning Sonja er UWC RKN sin høge beskyttar og opna overnattingsbygga til bruk for gjestar, Henry Dunant og Thor Heyerdahl, 21. september 2015.

Måltid

Du er velkomen til å ete i skulen si kantine, saman med ugdommar frå heile verda! Vi kan også tilby eigen meny servert i våre andre lokaler.
Kva med å bryte opp samlingane med å lage sin eigen pizza til lunsj?

Sunn og næringsrik mat er viktig for å halde humøret på topp heile dagen!

Bassenganlegg

Det flotte bassenganlegget på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er svært populært blant våre gjestar og vi legg gjerne inn ei økt i progammet dykkar.

Badelandet har eit 25 m basseng med fontener, straum og vassklie i tillegg til eit oppvarma terapibasseng. Badevakter frå UWC Connect passer på at alle er trygge i bassenget.

Symjebassenget på Haugland opna i 1995, men visste du at verdas eldste symjebasseng finn ein i Indusdalen i Pakistan?

Til toppen av sida